Romanen ”Kaninbyen” er skriven av den norske forfattaren Arild Rein og blei utgjeve i 2004. Det er den siste boken i Stavangertrilogien. Arild Rein(1960) er fødd i Stavanger og har blitt kåret til Stavangers Europeiske Kulturbys forfattar i 2008 med boka Kaninbyen(Wikipedia; Arild Rein). Dimed blei ”Kaninbyen” trykket til fleire ti-tusenar og vart gjeve ut gratis til befolkninga i Stavanger. Boka er på rundt 200 sider, så den er nokså overkommeleg. Boka er ein realistisk roman fordi den viser Stavanger på ein realistisk og ny måte.
Boka handlar om ein avdanka politimann, Johnny Roxmann, og hans levemåte i Stavanger. Han planlegger å selje bakte poteter til fulle menneskjer under Gladmatfestivalen for å tene nokon raske tusenlappar. Han bur i kolonihagane på Egenes, samtidig som han tener inn pengar på småtyverier og svindel. Johnny innleier også eit forhold til ei asiatisk kvinne kalt Kim. I boka får vi eit innblikk på korleis Johnny tenker om samfunnet han lever i, og korleis han synest eit samfunn burde bli styrt. Boka er bra skriven. Måten Arild Rein klarar å skildre Stavanger som ei rønna og klarar å oppretthalde god flyt samtidig, er bemerkelsesverdig . Likevel, fins det momenter i boka som gjer at det blir utroleg tøft å lese vidare. Banninga i boka er nokså overdriven, og burde vorte redusert. Bruken av ”faen” blir bare meir og meir brukt i boka, og blir etter kvart eit irritasjonsmoment.
Det er vanskeleg å følgje med i boka på grunn av at karakterane har både usynkronisert døgnrytme og ufullførte handlingar. Boka er også skriven på ein pessimistisk måte, noko som gjer at eg ikkje likte boka noko særleg. Det er eigentlig heilt greitt å trekkje inn negativitet i bøker, men å framtrekke pessimisme så kraftig er både unødvendig og overdriven ekstremt. Boka er fullt med stereotypi og fordommar, noko som også er eksempler på den pessimistiske holdninga. Stavanger er ein flott plass å bu, er det ikkje?
Jo, det er flott å bu i Stavanger. Så, kvifor må Arild Rein skildra Stavanger ned til ein søppelby fylt med asiatiske horer og uhøfligheit? Det faktumet at denne boka blir gjeve ut gratis til befolkninga i Stavanger, er jo heilt uhørt. Boka er for så vidt vakker skriven, fylt av levande setningar og mørke skildringar. Men pessimismen overtar, og drar vekk all lykka lesaren har knyttet til Stavanger. Difor likte eg ikkje boka sånn generelt, men den har sine lyse side.
Kaninbyen; Roman
Rein Arild, 2004, Det Norske Samlaget, 175 sider, Stavanger
Bilde: kaninbyen.jpg
URL: https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEguUtz2KyALq1FPTU41VGDHgUgOTSjbk8LIoikW54TBwD6HOrpaea90TvEcUQwog-kmDXbBFAwwG6oZBVcJeqSuUv2lfV-m5PEs0dte3Kq6lAfgEMyzrrGKV2-ElYDWwJd0tRvi43Jxstg/s1600/kaninbyen.jpg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar